Home » Arrangement

02.02 – Groundhog Day

29 januar 2014 Ingen kommentarer

gd1«Phil? Hey, Phil? Phil! Phil Connors?»

– What would you do if you were stuck in one place and every day was exactly the same, and nothing that you did mattered?

Værmannen Phil Connors (Bill Murray), er på oppdrag i den amerikanske småbyen Punxsutawney, Pennsylvania, for å dekke den årlege Groundhog Day. Dagen sitt høgdepunkt er å sjå om ei jordrotte kastar skygge eller ikkje, som igjen vil fortelle innbyggarane om det blir ein lang eller kort vinter. Phil er særdeles lei jobben, og spesielt denne «festdagen» som han har dekka fire år på rad. Etter å ha lidd seg gjennom dagen berre hjulpe av blytung sarkasme kan endelig han og teamet reise heimover. Dessverre for Phil må dei snu då ein snøstorm gjer at vegane ut av byen blir stengt og dei ender opp med å måtte overnatte i Punxsutawney.

Når han vaknar neste morgon er det noko som ikkje stemmer: Det er fortsatt Groundhog Day. Det er det også morgonen deretter, og morgonen etter der igjen, i ei tilsynelatande uendelig tids-sløyfe. Phil får eit spesielt forhold til klokkeradioen som kvar morgon ringer klokka 06:00 med låta «I’ve got you babe» av Sonny & Cher.

Kva er meininga med dette, og ikkje minst: Kva må han gjere for å kome seg vidare i livet? Phil prøver det meste, uten at noko ser ut til å fungere. Han har all tid i verda ser det ut som, og kan bruke den på å perfeksjonere dagen på godt og vondt. Korleis skal han klare å komme seg ut av dette helvetet når ikkje eingong å ta livet av seg fungerer?

Filmen blei ikkje så veldig godt mottatt når den først kom ut, men med åra har Groundhog Day fått status som ein av dei beste komediene gjennom tidene. Bill Murray spelar alltid godt som livslei og desillusjonert, og i møte med ein klisjéfyllt amerikansk småby på repeat er det all grunn til å gjennoppdage filmen.

Bergen filmklubb markerer Groundhog Day 2. februar. Og i likheit med temaet i filmen: Denne er det verdt å sjå fleire gongar!

En ny dag truer. Regi og manus: Harold Ramis. USA 1993. Manus: Danny Rubin. Foto: John Bailey. Musikk: George Fenton. Medv.: Bill Murray, Andie MacDowell, m.fl. Engelsk tale, norske undertekster. BLU-RAY, farger, 1 t 41 min.

Legg igjen en kommentar!

Vær vennlige og konstruktive.