Home » Anbefaling, Arrangement, Film

23.02 – The Raid: Redemption

21 februar 2014 Ingen kommentarer

2012_the_raid_018Rama jobbar i eit SWAT-team i Jakarta, Indonesia. Dei har fått i oppdrag å uskadeliggjere gangsterlederen Tama (Ray Sahetapy) som har sin tilholdsstad på toppen av ei boligblokk. Klarer dei å ta seg opp alle etasjene utan problem? Sjølvsagt ikkje. Den raskt minkande gruppa politifolk må ta seg av ei nær endelaus mengde kjeltringar. Heldigvis for oss er det ein fryd å sjå på, og med ein intensitet og kreativitet ein ikkje så lett finn i tilsvarande filmar. Filmen har eit forfriskane elementært fokus, og kan minne om Dredd (2012) både i form og innhald. I begge desse filmane kastar ein ikkje vekk tid på romantiske subplot eller unødvendig dialog medan det er actiondrivet som er i fokus. For alle som elskar sjangerfilmar er dette pur glede, og ein gyllen moglegheit til å sjå den på kino!

MER INFO | FACEBOOK

Legg igjen en kommentar!

Vær vennlige og konstruktive.