Home » The Raid: Redemption

The Raid: Redemption

2012_the_raid_018Tittel: The Raid: Redemption
Originaltittel: Serbuan Maut
Manus: Gareth Evans
Foto: Matt Flannery/Dimas Imam Subhono
Medvirkende: Iko Uwais, Joe Taslim, Yayan Ruhian, m.fl
Produksjonsår: 2012
Nasjonalitet: Indonesia
Språk: Indonesisk tale, norske undertekster
Spilletid: 91 min.
Visningsformat: Blu-ray

The art of killing

Indonesiske The Raid: Redemption (2012) kom aldri på kino i Norge, sjølv etter å blitt vist på filmfestivalar i Toronto og på Sundance. Vi i Bergen Filmklubb tek ansvar og inviterer til ein kampsportfilm som raskt har fått status som ein av dei beste i sjangeren!

Filmen nyttar effektivt dei første fem minutta på å vise helten, Rama (Iko Uwais), stå opp, trene og så kysse si gravide sovande kone farvel. Dei resterande 80 minutta er hardslåande kampsport-action som aldri slepp taket.

Kort fortalt handlar filmen om overnevnte Rama, som jobbar i eit SWAT-team i Jakarta, Indonesia. Dei har fått i oppdrag å uskadeliggjere gangsterlederen Tama (Ray Sahetapy) som har sin tilholdsstad på toppen av ei boligblokk. Klarer dei å ta seg opp alle etasjene utan problem? Sjølvsagt ikkje. Den raskt minkande gruppa politifolk må ta seg av ei nær endelaus mengde kjeltringar. Heldigvis for oss er det ein fryd å sjå på, og med ein intensitet og kreativitet ein ikkje så lett finn i tilsvarande filmar. Filmen har eit forfriskane elementært fokus, og kan minne om Dredd (2012) både i form og innhald. I begge desse filmane kastar ein ikkje vekk tid på romantiske subplot eller unødvendig dialog medan det er actiondrivet som er i fokus.

Det er tydelig at regissør Gareth Evans meistrer sjangeren på same måte som skodespelarane meistrar «pencak silat», ein kampsport frå Indonesia.

For alle som elskar sjangerfilmar er dette pur glede, og ein gyllen moglegheit til å sjå den på kino!

Legg igjen en kommentar!

Vær vennlige og konstruktive.