Home » Days of Heaven

Days of Heaven

Originaltittel: Foto: Nestor Almendros. Musikk: Ennio Morricone. . Engelsk tale. format:??, farger, 1 t 34 min.
Manus: Terrence Malick
Foto: Nestor Almendros
Musikk: Ennio Morricone
Medvirkende: Richard Gere, Brooke Adams, Sam Shepard, Linda Manz
Produksjonsår: 1978
Nasjonalitet: USA
Språk: Engelsk tale
Spilletid: 94 min.
Visningsformat: Blu-ray

Days_of_heaven1Dei siste åra har filmregissør Terrence Malick vore særs produktiv. Kan vi kanskje seie at produksjonen hans har fått u-Malickske trekk? Dette er jo mannen som lot det gå 20 år mellom to av sine filmar! Starten på Malicks opphald frå filmindustrien kom med utgivinga av andre-filmen hans, Days of Heaven, i 1978 — og i to tiår stod den som eit testamente til alt ein gjekk glipp av i hans fråvær. Så kva viste den? Filmen er useieleg vakker — nei, vakker er ikkje dekkjande. Den er rotfesta, jordnær, som sprunge ut av bakken, men samtidig svevande høgt over. Den er vakker og den er rufsete, u-pen – den rommar heile spekteret, den er ekte, med liv som pustar i kvar filmrute.

Vi er i Texas, året er 1916. Eit mord har tvunge elskarane Bill og Abby på flukt. Dei har kome frå Chicago, med Bills tenåringssøster Linda på slep. Dei finn seg arbeid på garden til ein rik bonde, der dei tek del i innhaustinga av avlingane. Bill og Abby let som dei er sysken for å unngå sladder blant arbeidarane og då det visar seg at bonden både er døyande og forelska i Abby, klekkast det ein snedig plan. Bill oppmodar Abby til å gifte seg med bonden, slik at dei får kloa i pengane hans når han døyr. Helmaks!

Det er Bills søster Linda som står for filmens narrativ. Hendingane og kjenslelivet til hovudpersonane kan til tider virke noko tynt og fjernt, men dette kjem av at vi får forteljinga gjennom Lindas tenårige auge. Vit dette! Det som er utanfor hennar verd, og utanfor hennar kjenslehorisont, det får vi ei juvenil framstilling av. Linda betraktar denne forteljinga på avstand; eit modig og uvanleg trekk frå regissøren si side. Denne narrative avstanda står i klar kontrast til kinematografien, som fører oss så nærme at vi kjenner Texas-støvet i halsen.

Store delar av Days of Heaven er filma i aftanraude, denne korte stunda etter sola går ned, men før det er natt: Himmelen har lys, men ingen sol, noko som skapar ei unik, mjuk effekt. Lyset bidreg enormt til filmens store venleik. Utstrakt bruk av naturleg lys gir visse måleriske, pittoreske kvalitetar til dei store, opne landskapa vi blir presentert. Eit herleg stykke Americana-pai. Nam, nam. Kom og nyt.

Legg igjen en kommentar!

Vær vennlige og konstruktive.