Home » FETT – Stories We Tell

FETT – Stories We Tell

Originaltittel: Stories We Tell
Manus: Sarah Polley
Foto: Iris Ng
Musikk: Diverse
Medvirkende: Familie og venner av Sarah Polley
Produksjonsår: 2012
Nasjonalitet: Kanada
Språk: Engelsk tale, norske undertekster
Spilletid: 68 min.
Visningsformat: 35mm

Arven etter mor

StoriesWeTell1Ein litt puslete, raudnasa mann i sekstiåra står i eit lydstudio og spør på avslepen cockney-engelsk kvar han skal stå. «Over here, dad», seier filmens regissør Sarah Polley. Slik startar ein av dei finaste og underhaldande dokumentarane eg har sett på lenge.

Hovudblikkfanget i store deler av filmen og grunnen til at Polley har samla familien framfor kamera, er mora. Den energiske, evigunge Diane svinsar rundt framfor kamera og i minna til ungane, ektemannen, teaterkollegaer og vener i eit retrospekt som både hyllar og problematiserer henne. Det som ved fyrste augekast verkar som ein stor, veltilpassa familie vert på intrikat vis avdekka med alle sine feilskjer og frustrasjonar. Michael Polley, ein av hovudintervjuobjekta og også forteljarstemma, fortel om korleis han og kona strevar med å kommunisera, korleis ho ville gjera ti ting på ein gong, mens han knapt var i stand til å gjera ein halv ting. I det heile får ein mykje sympati for alle dei involverte. Her finst ikkje gode og vonde folk, berre normale folk på godt og vondt.

Til å vera såpass lite framfor kamera, er Sarah Polley allstadsverande både som veslesyster, dotter regissør og etterkvart som viktig del av historia. Canadiske Polley har spela i eit uttall filmar frå ho var ganske liten, som Og (Doug Liman) og Den søte ettertid (Atom Egoyan). Som regissør markerte ho seg grundig med Take this waltz (2011), som ho også produserte. I Stories We Tell viser ho at ein kan ta opp store tema som livet, døden og kjærleiken utan at det blir banalt og utan flaue reality-tv-triks. På mange måtar forsterkar ho eit sitat frå filmen: av og til treng ein vitner til eit forhold. I så tilfelle er Stories we tell eit kronvitne.

Syskena til regissøren skal også ha mykje av æra for korleis historia blir fortalt. Her er det ikkje noko spel for galleriet. Alle har si oppfatning av dei andre familiemedlemmene som er prega av forståing og empati, endå det er store saker som vert rulla opp. Eg kan vanskeleg forutsjå min eigen reaksjon hadde eg vorte stilt ovafor liknande røyndommar og utfordringar i min eigen familie, eg kan berre håpa eg hadde møtt situasjonen med same opne sinn som familien Polley. Filmen er i tillegg nydeleg fotografert og svært godt klippa. Arkivmateriale er blanda med rekonstruerte klipp på Super8-kamera og bidreg til å gje filmen autensitet – det fungerer overraskande bra. Eg får lyst å leva livet med gult filter på, og Sarah Polley kan få filma! Likar du velfortalde, spennande, fint filma og bra oppbygde dokumentarar, kjem du til å elska Stories we tell.

Av Brit Aksnes, kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid

Legg igjen en kommentar!

Vær vennlige og konstruktive.