Home » Roy Andersson-kveld

Roy Andersson-kveld

Tittel: Kortfilmer 1967-91
Manus: Roy Andersson
Produksjonsår: 1967-91
Nasjonalitet: Sverige
Språk: Svensk
Spilletid: 70 min.
Visningsformat: DVD

"Jag är mäklare. Det måste finnas såna också."

royandresRoy Andersson sin første kritiker- og publikumssuksess var En kärlekshistoria i 1970. Dette gjorde det mogleg for han å lage filmen Gillap i 1975, som derimot blei dårleg mottatt. Så dårleg mottatt at han tok ei 25 år lang pause frå langfilmen, og holdt seg hovudsakleg til reklame. Faktisk over 400 reklamefilmar har han regissert, noko som til slutt gav han pengar nok til å finansiere sin “trilogi om att vara människa»: Sanger fra andre etasje (2000), Du levande (2007) og En due satt på en gren og funderte over tilværelsen (2014).

Alle disse filmane handlar om mennesket, og sånn som Andersson sjølv seier det: “Der er tema som eg jobbar med heile tida. Mennesket si sårbarheit. Audmjuking, når ein audmjukar kvarandre og når dei audmjukar seg sjølve”. I spesielt dei siste langfilmane er det det tragikomiske som trer fram, og ein illevarslande følelse av dommedag, blanda med absurde fortellingar om personar med tragiske liv.

Filmane hans er ei blanding av komikk og tragedie, og kan sikkert oppfattast som monotome og saktegåande. Dei kjenneteiknast av lange tagningar og fastlåst kamera. Karakterane har bleike ansikt og manglar mimikk. Det finst sjeldan skygge i scenene på dei seinare arbeida hans: Alt er belyst. Andersson har sagt at dette er fordi han vil at personane i filmane skal vere veldig nakne – der skal ikkje vere nokon plass for dei å gøyme seg.

I tillegg til reklamefilmar og langfilmar har Andersson produsert fleire kortfilmer, og det er eit format som passar Andersson godt. Det er disse filmane vi i Bergen filmklubb skal vise, og om du har likt langfilmane må du ikkje gå glipp av denne kvelden! Mellom anna skal vi vise Någonting har hänt (1987). Den blei laga etter at Andersson fekk i oppdrag frå Socialstyrelsen (“helsedirektoratet”) i Sverige om å lage ein informasjonsfilm om AIDS. Socialstyrelsen trekte seg frå samarbeidet då dei skjønte korleis filmen ville bli. Heldigvis for oss klarte han å finansiere den ferdig sjølv.

Vi viser:

Härlig är jorden (1991, 16 min.)

Någonting har hänt (1987, 24 min.)

Skolfilmer: Besöka sin son (1967, 9 min.)

Hämta en cykel (1967, 17 min.)

Legg igjen en kommentar!

Vær vennlige og konstruktive.